Vinter, vinter, vinter, vår : roman
DKK
482.34
inkl. moms
DKK
385.87
ekskl. moms
ISBN:
9788249531882
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
223
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
17-09-2026
Udgivelsesår:
2026
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Årets første snø fell over Buardalen då Olga ser mannen sin, Martin, gå frå
huset, gå over tunet, i retning hovudvegen. Så forsvinn han og hunden i alt det
kvite. Olga har sett mannen sin for siste gong.
Denne desemberkvelden skal kommunestyret ha julebord på Buarheim, restauranten
som Olga og Martin driv i lag, under bergfall, like ved isbreen. Martin har
nekta å servere politikarar som i lang tid har pressa på for å bygge hotell og
gondol her.
Ordføraren og investorane vil gjerne gjøre Odda Great Again. Olga er pragmatisk
og på gli. Martin er kompromisslaus og vil ikkje gi seg. Han kjem ikkje heim
igjen etter den kveldsturen. Bare bikkja dukkar opp neste morgon, redd og
skrøpelig. Kva har skjedd? Kvar er han blitt av? Olga Buer rasar og gret før ho
reiser seg og tar opp kampen for sin vesle stad i verda.
Vinter, vinter, vinter, vår er ein sørgesong over livet, over kjærleiken og alt
som forsvinn eller går tapt. Ein moderne vestlandsk western.

