Du er ikkje normal : noveller
DKK
398.41
inkl. moms
DKK
318.73
ekskl. moms
ISBN:
9788252198607
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
136
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
17-09-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
I Sortlands nye novellesamling møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er
litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande
romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane
står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste
dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde
kvinner på telefonlista, mannen som forsøkjer å vere i forkant av trendane som
stadig dukkar opp, og kjøper inn utstyr for fuglekikking. Den tidlegare
alkoholikaren som har vore nykter i eitt år og dreg på klatretur med ein
kamerat, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til
familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans
eige liv.
Dei prøver alle å finne ut av ting og spreller litt når livet dreg dei med seg i
uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje. Sortlands tekstar er
humoristiske og leikne, men rommar som alltid ein melankoli knytt til det å stå
utanfor og kikke inn.

