Endre-boka : postfestumskrift til Endre Mørck
DKK
517.46
inkl. moms
DKK
413.97
ekskl. moms
ISBN:
9788270998029
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
379
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
13-05-2015
Udgivelsesår:
2015
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Professor Endre Mørck ved Universitetet i Tromsø fylte 60 år 20.12. 2012. Denne
boka er såleis eit postfestumskrift til ære for jubilanten. Artiklane i boka
spring for ein del ut av foredrag som blei haldne på eit seminar som blei
arrangert for Endre i desember 2012, altså litt nærmare sjølve åremålsdagen i
tid enn denne bokutgjevinga.
Foredragshaldarane var kollegaer frå nær og fjern som til liks med Endre forskar
på ulike tema innafor eldre norsk språk og mellomalderhistorie. I tillegg har
kollegaer i den såkalla Språk og samfunn-gruppa bidratt med artiklar. Såleis
speglar boka stor fagleg breidd: historie, arkeologi, litteraturvitskap, norrøn
filologi, studiar i mellomnorsk, grammatikk, syntaks, ordlaging, namnegransking,
sosiolingvistikk, fleirspråklegheit, språk og kjønn, m.m. Seminaret i 2012
gjekk under namnet Endre-dagen. Det gav opphav til boktittelen Endre-boka.

