Skaffes

Riksem Brita Ramsevik

Grammatikk og rettskriving : nye rammer for språknormering

DKK 334.00 inkl. moms
DKK 267.20 ekskl. moms

ISBN:
9788270998685
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
160
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
16-11-2016
Udgivelsesår:
2016
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Denne boka skildrar korleis generativ grammatikk kan tilby både ei prinsipiell forståing og konkrete retningsliner med omsyn til språknormering. Tradisjonelt har ikkje syntaktisk teori hatt ein sentral plass i normeringa ettersom syntaks ikkje er emne for normering på same måte som til dømes ortografi og bøying. Diskusjonen i boka viser likevel at generativ grammatikk har fruktbare konsekvensar i ein normeringssamanheng. Det overordna argumentet er at fastsette språknormer bør utformast med basis i internaliserte grammatiske språknormer. Dette er sjølve forskings.objektet i generativ grammatikk, og innsikt i denne intuitive grammatikkompetansen viser korleis språket opptrer naturleg, noko det er høgst relevant å utleie prinsipielle retningsliner for normeringa frå. Språklege fenomen som leksikalsk kreativitet, fleksibilitet og språkblanding demon.strerer vidare at språkkompetansen er organisert med fleksible leksikalske element og eit fast og robust grammatisk rammeverk for bøyinga. Følgjeleg bør språknormeringa skje med ulike strategiar for ordstammar og bøying: med lause tyglar for ordstammane, men eit stramt grep om bøyinga.
}