Edvard Masoni : en samisk misjonær i kolonialismens tidsalder
DKK
399.00
inkl. moms
DKK
319.20
ekskl. moms
ISBN:
9788253043296
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
282
Forlag:
Pax
Udgivelsesdato:
07-09-2023
Udgivelsesår:
2023
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Edvard Masoni vart fødd i husmannsgrenda Rasta i Rana på Helgeland i 1870. Han
voks opp i djup fattigdom og som same høyrde han til eit folk med låg status
både i lokalmiljøet og i det norske storsamfunnet. Det som likevel skilde Edvard
Masoni frå dei fleste andre samar på denne tida, var at han etter kvart tok to
lange akademiske utdanningar. Han studerte teologi ved misjonsskulen i
Stavanger, og medisin i USA. Medisinutdanninga brukte han til å praktisera som
lege på den kinesiske landsbygda frå 1912 og fram til slutten av 1920-talet.
Masoni drog for første gong til Kina for å driva misjon i 1898. To år etter at
han kom til landet braut det ut store opptøyar som følgje av sterke antivestlege
stemningar, boksaropprøret. Mange misjonærar vart drepne. Alle misjonærane frå
Noreg med unntak av Masoni reiste då heim. Masoni vart fanga av opprørarar og
dømt til døden, men klarte på mirakuløst vis å berga livet. Om boksaropprøret
skreiv han at det var den vestlege kolonialismen som hadde skulda, noko anna
kunne ikkje Vesten venta seg med tanke på korleis europeiske styresmakter fòr
fram i Asia.
Historia om Edvard Masoni er ein viktig del av samisk historie. Saman med nokre
få andre kjempa han hardt for politiske idear som femti år seinare vart førte
vidare av den moderne samerørsla. Først rundt 1990 kom det store gjennomslaget,
og nokre av desse ideane er no offisiell norsk urfolkspolitikk.

